Visste du at Noreg har lange tradisjonar for forsking i Antarktis?I meir enn hundre år har nordmenn forska i Antarktis. Det starta med Carsten Borchgrevink som fekk utrusta ein ekspedisjon som bestod av norske ekspedisjonsmedlemmar og vitskapsfolk i 1898. Ekspedisjonen var finansiert i England.
Så tidleg som i 1920- og 1930-åra dreiv nordmenn omfattande forsking i Antarktis, for det meste på ekspedisjonar som kombinerte kvalfangst og forsking. Etter andre verdskrigen blei det større fokus på vitskapleg aktivitet, med to viktige milepålar i norsk antarktisforsking: den felles norsk-britisk-svenske Maudheim-ekspedisjonen frå 1949 til 1952, og etableringa av «Norway Station» i Dronning Maud Land (1956–60) i samband med det internasjonale geofysiske året i 1957–58. Noreg var dessutan aktiv i etableringa av den internasjonale komiteen for forsking i Antarktis – Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) – og var raskt ute med å ratifisera Antarktistraktaten i 1959. I Antarktis har Norsk Polarinstitutt arrangert ekspedisjonar jamleg sia 1976. NARE (Norwegian Antarctic Resarch Expeditions) er ein ekspedisjonsramme som legg til rette for gjennomføring av all statleg finansiert antarktisforsking. Hovudformålet med NARE er å innhenta kunnskap for betre forståing av naturlege og menneskeskapte klimaendringar. Forskingsprosjekta fokuserer på biologi, glasiologi, paleoklimatologi (historisk klimakunnskap), fysisk oseanografi og miljøovervaking. I 1989–90 blei det bygd ein norsk forskingsstasjon i Dronning Maud Land. Troll var fyrst ein sommarstasjon, men blei ombygd og innvia som heilårsstasjon i 2005. Dei fleste NARE-aktivitetane finn vi i den søratlantiske sektoren av Antarktis, meir bestemt på Bouvetøya, i den austlege delen av Weddellhavet og i Dronning Maud Land. |