Visste du at krabbeetarselen ikkje et krabbe?
Føda til krabbeeterselen består av heile 90 % krill.
Krabbeetersel på isen i Antarktis. Foto: Lars Kalöf / Norsk Polarinstitutt
Namnet krabbeetarsel kjem frå det vitskapelege namnet Lobodon carcinophagus som kan omsetjast til lapptanna krabbeetar. Namnet viser til dei heilt spesielle tennene som er tilpassa filtrering av krill og andre krepsliknande organsimar.
I Antarktis finn vi seks av dei 34 selartane i verda: antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella), krabbeetarsel, weddellsel (Leptonychotes weddelli), leopardsel (Hydrurga leptonyx), sørleg elefantsel (Mirounga leonina) og rossel (Ommatophoca rossi).
Det er også registrert ti artar av barde- og tannkvalar i dei antarktiske farvatna, fleire av desse finst globalt i verdshava. Bardekvalane beiter hovudsakeleg på dyreplankton som dei fangar ved å filtrere vatn gjennom bardane. Tannkvalane jaktar på større byttedyr som fisk, fugl, blekksprut, sel og andre kvalar. Den mest kjende av tannkvalane er nok spekkhoggaren (Orcinus orca), som finst både på den nordlege og sørlege halvkula, men størsteparten av bestanden er å finne i Antarktis.
Spekkhoggaren er den største av kvalane i delfinfamilien, og som dei fleste andre delfinartane lever han i sosiale grupper. Ei gruppe kan bestå av éin eller nokre få vaksne hannar og fleire hoer med kalvar. Kvar gruppe kommuniserer med si eiga «dialekt», og denne vokaliseringa synest å styrkje samhaldet i gruppa. Spekkhoggarane samarbeider ofte om å fange byttedyr, det vere seg småfisk som sild, eller jamvel store kvalar. Ulike grupper har gjerne spesialisert seg på ulike byttedyr. Spekkhoggarar har blitt sett mens dei tippar over isflak med sel eller pingvinar slik at byttet sklir av isflaket og inn i gapet på ventande spekkhoggar. Dei samarbeider også om å ta store bardekvalar, som dei tvingar til å dykke, til kvalen blir utsliten og lettare å angripe. Spekkhoggarane er dei verkelege toppredatorane utan naturlege fiendar.