Visste du at Antarktis har meir ferskvatn enn nokon anna stad på jorda?

Isdekket i Antarktis utgjer ca. 91 % av all is i verda, og det er ca. 86 % av alt ferskvatnet på kloden som er bunde opp i form av is. Men sjølv med alt dette ferskvatnet er Antarktis regna for å vere av dei tørraste stadane på jorda.
Oversiktskart over AntarktisOversiktskart over Antarktis. Kart: Norsk Polarinstitutt

Antarktis er det kaldaste, tørraste og mest forblåste kontinentet på jorda, og også det høgaste når vi reknar gjennomsnittleg høgd over havet. Nær 99 % av kontinentet er dekt av ei iskappe med ei gjennomsnitthøgd over havet på om lag 2200 meter. Kontinentet har eit areal på ca. 14 millioner kvadratkilometer, eit område som vert utvida til det dobbelte om vinteren når havisen strekkjer seg innpå 1000 km ut frå kysten.

Hovuddelen av Antarktis-kontinentet ligg sør for 70°S, sjølv om den antarktiske halvøya strekkjer seg nordover til ca. 60°S. Omkring kontinentet ligg Sørishavet, eit havområde som isolerer Antarktis frå dei øvrige kontinenta.

Mesteparten av Antarktis er dekt av is, men fleire stader stikk fjelltoppar (nunatakar) opp gjennom isen. Vinson-massivet i Vest-Antarktis, med sine 5140 m.o.h., er det høgste fjellet i Antarktis. I tillegg til nunatakane finst det større isfrie område, såkalla oasar, som har oppstått der isen har trekt seg attende, og der smeltinga skjer raskare enn akkumuleringa av snø. Andre område, såkalla tørre dalar, er isfrie fordi det fell ekstremt lite nedbør der.