Visste du at Sørpolen er det same som Sydpolen?

Ja, men assosiasjonane til dei to namneformene kan vera litt ulike. På Roald Amundsen si tid var det naturleg å snakka om Sydpolen. I dag er det vanleg å kalla punktet Sørpolen. Språk er ikkje statisk, det utviklar seg over tid.

I løpet av dei siste hundre åra har det skjedd ei utvikling i bokmål der dei opphavleg danske formene har blitt svekka til fordel for meir norskklingande skrivemåtar. «Syd» vil i dag ofte oppfattast som ei meir gammaldags variant enn «sør». Likeins er den gamle nynorskforma «sud» ikkje gangbar i dag.

I gjeldande norsk rettskriving heiter det Sørpolen på nynorsk, mens både Sørpolen og Sydpolen er lovlege skrivemåtar på bokmål. I offentleg forvaltning vil det vera nærliggjande å bruka forma Sørpolen, som altså er felles for dei to norske rettskrivingane. Munnleg språkbruk er lite normert i Noreg, og her står ein ganske fritt.

Det er stor interesse for polarhistoria, og mange føretrekkjer framleis å nytta den gamle varianten Sydpolen, som inneheld ein sterkare historisk dåm av heltemot. Og på bokmål er dette altså heilt ok.

På ulike europeiske språk kan det heita: south, sud, süd, syd, sør, sör, söder, sur, zuid. På gammalnorsk heitte det suðr, eit godt døme på at eit ord vandrar og opptrer i ulike former i ulike språk. På nordsamisk heiter Sørpolen Lullipola.

Val mellom «syd» og «sør» heng altså saman med val av skriftspråk (bokmål/nynorsk) og kontekst (historie kontra det dagsaktuelle). Norske godkjende stadnamn i Dronning Maud Land og på Svalbard har elles nynorsk språkdrakt. Så namn med Syd- finst ikkje her (unntak: Sydowbreen på Edgeøya). Dronning Maud Land strekkjer seg ikkje så langt sør som til polpunktet, som såleis ligg utanfor Norsk Polarinstitutt sitt mandatområde for stadnamn. I motsett fall ville Sørpolen ha vore einaste godkjende skrivemåten.

Faksimilie frå Aftenposten 8. mars 1912

Faksimilie frå Aftenposten 8. mars 1912.