Visste du at Peter I Øy ein gong var ein varm vulkan?

Men som resten av Antarktis har nok Peter I Øy lenge vore dekt av snø og is.
Mann med norsk flagg og anneksjonsskilt på Peter I øy.Den andre Norvegia-ekspedisjonen, under ledelse av Ola Olstad, annekterte øya for Norge 2. februar 1929. Foto: Norsk Polarinstitutt

Fabian von Bellingshausen var truleg den fyrste som kom nær nok til å sjå Det antarktiske kontinentet på sin ekspedisjon med seglskipet Vostok, i januar 1820. Eitt år seinare, 11. januar 1821, såg han land på ein heilt annan stad i Antarktis. Då oppdaga han ei øy som han kalla opp etter den russiske tsaren: Peter I Øy. Øya ligg i Amundsenhavet i Vest-Antarktis, om lag 450 kilometer vest for Ellsworth Land på Den antarktiske halvøya.

Vêret var for dårleg til at von Bellingshausen og mannskapet hans kunne gå i land på øya dei namnga. Vi kjenner faktisk ikkje til nokon som har vore på land før Ola Olstad og mannskapet på Norvegia den 2. februar 1929 gjekk i land og annekterte Peter I Øy for Noreg. Øya fekk status som norsk biland i 1931.

Peter I Øy er relativt lita - 156 km² - det vil seia at den er litt mindre enn Bjørnøya i Barentshavet. Mesteparten er dekt av is, berre om lag 5 % av arealet er isfritt. Peter I Øy er vulkansk, det høgste punktet på øya er toppen av eit utdøydd vulkankrater, 1640 meter over havet. Det har fått namnet Lars Christensentoppen, etter kvalfangstreiaren som finansierte ekspedisjonen då øya blei annektert i 1929. 

På grunn av mykje drivis og bratte bergsider ned mot sjøen rundt det meste av øya er Peter I Øy vanskeleg tilgjengeleg. Berre tre plassar er det mogleg å koma til med båt. Sterk vind og streng kulde og snø i området gjer at det ikkje er mange som har vore i land på denne øya.