Utstilling: «Sørpolen» på Norsk Skieventyr

Bilde av sørpolslede og skiSørpolslede og ski Foto: Norsk Skieventyr Bilde av sørpolteltSørpoltelt Foto: Norsk Skieventyr

Sørpolutstillinga på Norsk Skieventyr er i dag ein viktig del av museet sitt tilbod. Utstillinga frå 1995 bygger på gjenstandar, bilde og tekst som formidlar ekspedisjonen til Sørpolen, og då spesielt Olav Bjaaland sin innsats. Ein oppgradering av Sørpolutstillinga ferdigstilles 1. des 2011 og vil stå utover 2012.

Stiftinga Vest-Telemark Museum formidlar Morgedal, Telemark og Noreg sin rike skihistorie på eininga Norsk Skieventyr i Morgedal. For å styrke historia og vise tidslinja frå Sondre sin utvikling av skibinding, skiteknikk og skitype vil prosjektet «Sørpolen 2011» bruke ein av verdens mest kjente ekspedisjonar.

Handverkskunnskapen og skilærdomen som Olav Bjaaland lærte frå Sondre Norheim var med å legge grunnlaget for ein vellykka Sørpolekspedisjon. Ekspedisjonen viste resten av verden at Noreg var leiande i utforsking av den arktiske og antarktiske delen av verden ved hjelp av sin skikultur.

100 års-jubileet i 2011 vil landet rundt ha eit stort fokus på hendinga og personane som bidrog til denne ferda. Prosjektet «Sørpolen 2011» vil fokusere på handverket og materialbruken som var ein veldig viktig grunn til at denne ekspedisjonen lykkast. Olav Bjaaland vart med fordi han var ein god skiløpar, men minst like viktig var hans kunnskap og dugleik som skimakar og i anna trearbeid. Bjaaland redusera bl.a. vekta med 50 kg på den sleden dei bruka på polferda.
  • Åpninga har inviterte gjester, men er opent for alle
  • Eivind Blikstad fortel frå boka om Halvardus Kristensen
  • Fokus er på Telemarks polarheltar·        

13.-15. desember er det skuleopplegg for mellomtrinnet i Vest Telemark.