Historisk pulk kappløp

Bildet viser skiløpere over Hardangervidda

Foto: Xtreme Endurance Eidfjord

Løpet startar på Haukelisæter og endar opp på Feet/Garen i Sysendalen, Eidfjord. Løpet er ca 100 km langt. 

I 1896 ville Amundsen og broren krysse vidda, som førebuing i si pol forsking. Dei nådde aldri heilt fram til Garen, men snudde då dei var redde dei var på veg vidare nordover. Turen kosta dei nær livet. Det dei rekna med skulle ta 3 dagar, brukte dei 8 dagar på, mest utan mat.

30 år seinare skreiv Roald Amundsen: ”Turen på Hardangervidda var fylt av likeså hårde påkjenninger og store farer som nogen av dem det senere har vært min lodd å møte i polaregnene”

Dette vil verte eit tøft løp som stiller store krav til deltakarane. For å kunna delta her må du vere godt trent, ha det utstyret som krevst og kunne klara deg sjølv i vinterfjellet over lengre tid. Pulken må vege mellom 40 og 50 kg. (Innhaldliste ved påmelding). Det er eit individuelt løp uten ”support”. Vi beveger oss innom ”villreinens rike” i Hardangervidda Nasjonalpark, og løypa kan verta endra frå år til år for ikkje å uroa reinen. Det er 3 sjekkpunkt undervegs: første er Hellevassbu, andre er Litlos og tredje er Viersla, der det er obligatorisk kvile på 8 timar. Sjekkpunkta kan bli endra p.g.a. villreinen.

På Garen, der Roald Amundsen har sin karakteristiske profil i fjellet, venter ein spent velkomstkomite på å ta imot heltane frå Vidda!