På veg til Sørpolen

I år er det 100 år sidan Roald Amundsen og hans menn nådde Sørpolen. Tre telemarkingar var med å prega denne historiske ekspedisjonen.

Halvardus Kristensen, Hjalmar Johansen og Olav Bjaaland var deltakarar på ekspedisjonen som hadde verdas sydlegaste punkt som mål. Ein vellukka ekspedisjon som nådde Sørpolen 14. desember 1911. Telemark fylkeskommune, Skien kommune, Kviteseid kommune og Norsk Skieventyr i Morgedal ynskjer å markere innsatsen til desse tre telemarkingane på fleire måtar.

Dagboknotater leggast ut på nett og me skal fylgje dagens ekspedisjon som skal fylgje i skispora til Amundsen.