Vandreutstilling-Telemarks polarheltar

Bilde av vandreutstillingas bildevegg Foto: Vest-Telemark Museum

I år er det 100 år sidan Roald Amundsen og hans menn nådde Sørpolen. Tre telemarkingar var med å prega denne historiske ekspedisjonen.

Halvardus Kristensen, Hjalmar Johansen og Olav Bjaaland var deltakarar på ekspedisjonen som hadde verdas sydlegaste punkt som mål. Ein vellukka ekspedisjon som nådde Sørpolen 14. desember 1911. Telemark fylkeskommune, Skien kommune, Kviteseid kommune og Norsk Skieventyr i Morgedal ynskjer å markere innsatsen til desse tre telemarkingane på fleire måtar.

Denne bildeutstillinga viser unike, historiske bilde frå ekspedisjonen, dette er bilde som ikkje er vist i Telemark tidlegare. Saman med bildeveggen er det laga ein folder som fortel om livet til dei tre telemarkingane og om ekspedisjonen, bl.a. med sitat frå dagbøkene.